EIT 

VINTEREVENTYR

Av Jan Roar Leikvoll
Ein monolog med Jacob Jensen

«Eg spring
spring inn i skogen 

ut av leiren 

 

eg spring ut av meg sjølv 

dit eg sjølv vil» 


 

Kor langt kan eit menneske i fangenskap gå og framleis kunne forsvare sine handlingar? - Ei teaterframsyning om eit menneskes galskap og avgrunn

 

Kan vi rettferdiggjere vondskap når det er for å overleva? 

Eit vintereventyr er ei rå, brutal og vakker framsyning om livet på innsida av ein arbeidsleir. I eit brutalt og rått kvardagsliv lengtar hovudpersonen etter å bli elska og få nærleik frå andre menneske. Håpet om at kjærleiken finst der det finst menneske, same kor forferdelege ting som skjer, tek all plass i tankane hans. Eit vintereventyr er ei forteljing om korleis både ytre og indre hendingar kan lyfte eit menneske opp og styrke det, eller knuse det.

Jan Roar Leikvoll sin kritikarroste debutroman blir no teater med Øystein Johansen på regi. Med seg har han Jacob Jensen som er nyutdanna skodespelar frå teaterhøgskulen, Kunsthøgskulen i Oslo og dette er hans fyrste monologframsyning. Jan Roar Leikvoll (1974 - 2014) blei frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013. Denne monologen er skrive av Kristian Lykkeslet Strømskag, og er det fyrste samarbeidet med Øystein Johansen. 

 

Framsyningar:

9. oktober - Otta kulturhus - Première - Kjøp billett her

10. oktober - Otta kulturhus - Kjøp billett her

3. november - Sentralen, Oslo - Kjøp billett her - Utseld

4. november - Sentralen, Oslo - Kjøp billett her - Utseld

20. november - Friscena, Gjøvik kultursenter - Kjøp billett her

21. november - Friscena, Gjøvik kultursenter - Kjøp billett her

Framsyningslengde: 1 time og 15 minuttar (ingen pause). 

 

Team: 

Idé og prosjekteigar: Øystein S. Johansen. 

Dramatisering: Kristian Lykkeslet Strømskag 

Regi: Øystein S. Johansen

Skodespelar: Jacob Jensen

Teknikar: Tobias Pfeil / Fredrik Storsveen

Produsent: Eline Lysen Paulsen

Produksjonsassistent: Maiken Rye

Foto og video: Erika Hebbert 

Produsert av Bunnyhead Productions i co-produksjon med School van Gaasbeek.

Framsyninga er støtta av Norsk kulturråd, Innlandet fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde, Oslo kommune og Dramatikkens hus. 

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now