Eit Vintereventyr

av Jan Roar Leikvoll
”For eg var òg berre ein kropp, eg var òg berre tarmar og vatn og eit hjarte som slo inni alt dette, eg var ikkje meisla ut av stein eller betong, eg var ein av dei alle som drøymde om å vere nær, om varme, om forståelege og uforståelege ord, berre dei var fine, ein som lengta etter å få sleppe inn i eit hòl der noko for meg aleine venta.”
 
Eit vintereventyr utspelar seg i ein arbeidsleir.   I eit brutalt og rått kvardagsliv lengtar hovudpersonen etter å bli elska. Håpet om at kjærleiken finst der det finst menneske, same kor forferdelege ting som skjer, tek all plass i tankane hans.  Eit vintereventyr er ei forteljing om korleis både ytre og indre hendingar kan løfte eit menneske opp og styrkje det, eller knuse det.
 Denne monologen er skreve av Kristian Lykkeslet, og er det fyrste samarbeidet med  Øystein Johansen
Regi: Øystein S. Johansen
Skuespiller: Jacob Jensen
Manus: Kristian Lykkeslet
Foto: Erika Hebbert 
Produksjonsleder: Eline Lysen Paulsen
Co-produksjon: School van Gaasbeek
Premiere: 9. oktober Otta Kulturhus
Forestilling:10. oktober Otta Kulturhus
This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now